1-0 5 min
1-1 Ida Flo15 min
1-2 Mia Sæbø 18 min
Stryn stilte med: Nina Tenden, Maria Thaule, Nora Øvreberg, Ingrid Guddal, Jenny Vik Skrede, Elise Mork, Ida Flo, Mia Sæbø, Synne Vik, Jenny Stauri, Christine Humborstad, Thurka Velalakan, Madelen Vik, Seline Aaland.
Stryn vann toppkampen borte mot Førde 1 i småjenteserien tirsdag, og er dermed fortsatt ubeseira i årets sesong.
Sikre kilder fortel om eit overtak for strynejentene i første omgong. Førde scora imidlertid først tidleg i omgongen, men mål frå Ida og Mia gjorde at laga tok pause med fortent leiing til bortelaget.
I andre omgong vart Stryn pressa litt bakover på bana, Førde hadde raske kanter og spissar og hadde ballen mest i dei siste 35 minutta. Men jentene våre kjempa godt over heile bana, helt nullen i andre omgong og hadde også nokre kontringar som kunne gjeve fleire mål.
Ein meget sterk bortesiger, og Stryn ligg no a poeng med Sogndal heilt i toppen av tabellen når ein kamp gjenstår før laga tar sommarferie. Då møtes Stryn og Sogndal i Stryn, kampen går tirsdag 19.06 kl 19.00 på stadion. Ta turen ut og sjå fylkets to beste småjentelag i aksjon!
Tabellen:
Sogndal 5 4 1 0 49-4 13
Stryn 5 4 1 0 18-4 13
Førde 1 6 4 1 1 23-11 13
Sandane 5 1 2 2 9-22 5
Syril 4 1 0 3 15-19 3
Førde 2 5 0 1 4 2-39 1
Høyang 4 0 0 4 5-22 0
John