Terje Walaker har sendt oss følgande gladrapport:
Storsiger til G10.
Onsdag 13/6 var det duka for lokaloppgjer i klassa G10 mot Loen på Loen
Stadion.
Loen - Stryn: 0-11
Stryn stilte med desse spelarane:
Tanish Gnanasegaram, Kjetil Lunde Vinsrygg, Sigurd Fotland Fænn, Elias
Lødøen Flo, Martin Walaker, Magnus Vik Skrede, Oskar Guddal Breivik, Mussie Melake,
Josef Tuzar, Katalin Sandu og Stian Oppedal.
Kampen i Loen vart aldri spennande. Vi gjekk tidleg opp i leiing, og scora jamt og trutt utover i kampen.
Trass i ei litt ujamn bane, viste gutane til tider flott pasningsspel. Dei jobba godt gjennom heile kampen.
Veldig kjekt å registrere at det var mange som melde seg på scoringslista. Det er også gledeleg å sjå
den gode defensive jobbinga som gjer at vi ikkje slepp inn mål.
Dette var siste kamp før sommarferien, men vi prøver å halde i gang treningane ei stund til før vi tek ferie.
|