Johann Sigurdsson har sendt oss denne kamprapporten:
I går spelte vi kamp mot Sandane borte. Det vart storseier 20-3. Jentene spelte fin fotball og mange av måla kom etter glitrande spel. I tillegg hadde vi ein god keeper i Kaja, som blant anna hadde ei dobbeltredning i første omgang og sette ballen kjapt i gong med eit presist utspel som enda i skåring. Eg vil og berømme dei som gjorde ein fantastisk forsvarsjobb i denne kampen. Kristianne, Amalie, Floor og Hege gjorde det til at Sandane ikkje kom til mange sjansar. I tillegg fikk Anna, Hedda, Dorthea og Helene prøve seg bak og viste at dei og er gode forsvararar. Men først av alt spelte vi veldig godt offensivt. Jentene er blitt flinke å spele ballen til kvarandre og bevege seg i nye posisjonar. Det kjem vi til å nyte godt av når vi møter sterkare motstand.
Laget:
Kaja Sæbø
Hege Renate Glosvik Espeland (1 mål)
Floor Schouten
Helene Skår (2 mål)
Anna Johannsdottir (4 mål)
Kristianne Håheim
Hedda Vatn Øvreberg (10 mål)
Amalie Følsvik (kaptein)
Dorthea Hjelmeland (3 mål)
Johann
|