Grytidleg søndag morgon reiser to lag frå Stryn med buss og båt til Hjørring i Danmark for å delta på Dana Cup. Det er smågutelaget (G13/14) og jentelaget (J15/16) som skal av gårde for å spele fotball i ei av verdas største og beste fotballturneringar for ungdom.
Det er tredje året på rad Stryn Fotball stiller med lag i denne turneringa, og spelarane og leiarane som har vore med desse åra har hatt ein fantastisk flott tur og opphald i Danmark.
Laga skal bu på skule, og skulen vi skal bu på er Sindal Skole som ligg i Sindal, ein liten by i Hjørring kommune. Sindals opprinnelige navn, Sol dalen, lover godt, så vi ser fram til opphaldet og har allereie pakka shorts og solkrem:-).
Men det blir ikkje noko slaraffenliv, det venter knallharde kampar og laga våre har havna i følgande puljer:
Jentelaget (Gruppe G08):
Stryn T&IL
Skedsmo FK
Haugar SK
Vadstena GoIF (SWE)
Kampane går slik:
Tirsdag 24.07 kl 11.30: Haugar - Stryn Bane 4 (Fortuna-feltet)
Onsdag 25.07 kl 09.30: Vadstena - Stryn Bane 72 (Tårs-feltet)
Onsdag 25.07 kl 17.30: Stryn - Skedsmo Bane 42 (Bagterp-feltet)
Smågutelaget (Gruppe B12):
Stryn T&IL
Hasle-Løren IL
Tollnes BK
Breidablik (ISL)
Kampane går slik:
Tirsdag 24.07 kl 11.40: Tollnes - Stryn Bane 52 (Lundergård-feltet)
Onsdag 25.07 kl 08.20: Breidablik - Stryn Bane 12 (HI-feltet)
Onsdag 25.07 kl 17.30: Stryn - Hasle-Løren Bane 64 (Bjergby-feltet)
Vi legg opp til daglege oppdateringar, både frå den sportslege og den sosiale delen av turen. Så følg med på heimesida i neste veke dersom du ønsker halde deg orientert om korleis det går med laga våre og korleis jentene og gutane har det under opphaldet.
John
|