G14: Tollnes - Stryn 2-2 (2-2)
1-0 1 min
2-0 10 min
2-1 Runar Tvinnereim 13 min
2-2 Isak Hopland 19 min
Speleglede, Fair Play og ikkje minst veldig god lagmoral er stikkorda etter smågutane sin første kamp i Dana Cup.
Vi var prega av nerver i opninga av kampen, og allereie etter 1 min ligg vi under 1-0 etter lang pasning i bakrom. Dette var tydeleg resepten til Tollnes og vi sleit litt med dette i opningsminutta. Etter kvart fekk Jonathan og resten av forsvaret justert litt, vi fekk roa oss og fekk ballen ned på bakken der den skal vere og tok initiativet i kampen. Litt surt då at motstanderen går opp i 2-0 etter eit godt langskot.
Men ikkje lenge etter reduserer vi til 1-2 ved Runar som dunker inn ein retur. Minuttet før pause sender Isak i veg ei frisparkperle frå 25 meter rett i krysset og vi får ei fortent utvikling.
Vi presser på i 2.omgong, og skaper sjanser til å ta leiinga. Mellom anna skyt Mathias Hagen like utanfor etter god jobbing i feltet. Kampen ender 2-2 og der motstanderen vart meir og meir frustrert og sure utover kampen, beheldt vi humøret og lagmoralen oppe. Vi var beste laget og som Vegard sa på bussen tilbake etter kamp: Resultatet vart uavgjort men vi vann likevel kampen:-).
J16: Haugar - Stryn 2-4 (0-2)
1-0 Pernille Flo 1 min
2-0 Helga Leivdal 10 min
2-1 30 min
3-1 Sofie Lunde 35 min
4-1 Ingrid Øvreberg 40 min
4-2 45 min
Pernille sørga for at jentene våre fekk ein draumestart på Dana Cup 2012 med scoring etter berre 1 min i opningskampen. Stryn er beste laget i første omgong og etter 10 min aukar Helga leiinga til 2-0. Haugar har også sine muligheter, mellom anna eit skot i tverrliggar og eit som vert redda på strek av Elin, men leiinga held seg til pause.
Etter 5 min i andre omgong reduserer Haugar men då Sofie 5 min seinare legg ein corner rett i mål er det ikkje tvil om kor sigeren vil havne. Ingrid auker til 4-1 før ny redusering gjer at sluttresultatet vert 4-2 og solid siger til jentene.
No slapper gutane av med bytur og diverse aktiviteter, jentene er avgårde og bader. Trenar for jentelaget, Guttorm, er som kjent ekstremt redd for hai og etter rapportane underteikna har fått frå badestranda oppheld han seg for det meste i bilen...
Onsdag er det 2 nye kampar for begge laga, ny rapport kjem i løpet av ettermiddag/kveld i morgon. |