framsida kontakt info nordfjord fotballcup fjordingen fotballskule nyheiter facebook om sidene
Framsida
Nyheiter
Senior fotball
Trenarar
Støtteapparat
Stryn A-lag
Spelarstall
X-spelarar
Kampreferat
Terminliste
Tabell 3. div
Tabell 5. div
Stryn Damer 3. div
Tabell og kampoppsett
Nyheiter Senior
Arkiv terminlister
Aldersbestemte lag
Lagleiarinfo
Gutelag
Jentelag
Smågutelag
Småjentelag
Lillegutt
Lillejente
Miniputt
Knøttelag
Nyheiter aldersbestemt
Klubbinfo
Treningstider
Klubbhistorie
Utdanning
Foreldrevettreglar
Adelskalender
Stryn Stadion / Anlegg
Stryningar på landslag
Stryn Fotball i media
Kontaktinformasjon
Styre og stell
Dugnadsoversikt
Sponsorar
Interaktivt
Gjestebok
Spel og moro
Strynesangen
Fotball-Quizzzz
Tabellkonkurranse
Lagbilder senior
Laglederside
Eksterne linkar
Nyheiter på mobilen !

Rapport frå Dana-Cup - onsdag 25.07.

Gutane med siger og tap, jentene med to nye sigrar!

G14: Breidablik - Stryn 9-0 (5-0).

Vi møtte et veldig godt islandsk lag, fysisk sterke, teknisk bra og ballsikre. I første omgong var vi litt tafatte og lot Breidablik styre det meste av det som skjedde på bana.

Andre omgong heva vi oss og gav dei meir kamp, tøffare i press og greidde å skape eit par halvsjanser. Islendingane vann til slutt 9-0, vi tapte mot eit betre lag og det er lov.

Stryn - Hasle-Løren 2-0 (0-0)

1-0 Atle Kroken 24 min

2-0 Jan Åge Langeseth 30 min

I realiteten var dette ein kamp om 3.plassen i gruppa. Vi hadde ein teoretisk sjangs til å nå A-sluttspelet men då måtte det scorast veldig mange mål i både vår og den andre kampen så det ansåg vi som urealistisk.

Vi tok initiativet frå start og som i kampen på tirsdag var vi det beste laget. Vi kombinerte godt og spelte oss til fleire muligheter i første omgong, og både Atle, Vegard, Runar og Jonathan hadde gode muligheter. Det stod imidlertid 0-0 til pause.

4 min ut i andre omgong kjem endeleg scoringa. Atle viser musklar og stjel ballen frå ein forsvarar, frå skrått hold set han ballen over keeper og i lengste hjørnet og vi tar leiing. Ein sterk prestasjon. 6 min seinare er det Jan Åge sin tur. Han jobbar knallhardt og skaper panikk i forsvaret og kan til slutt trille ballen i det tome målet.

Vi vinn fortent og tar 3.plassen i gruppa. Kun målforskjellen hindrer oss i å nå A-sluttspelet. Gutane depper ikkje for det og første kamp i B-sluttspelet går i morgon kveld kl 19.30.

J16: Vadstena - Stryn 2-4 (1-1)

0-1 Ingrid Øvreberg 11 min

1-1 12 min

1-2 Ingrid Øvreberg 26 min

1-3 Ingrid Øvreberg 30 min

1-4 Mia Sæbø 35 min

2-4 39 min

Vadstena starta best og pressa Stryn bakpå i opningsminutta. Nokre gode redningar av Marte hindra baklengsmål, i staden var det Ingrid som gav oss leiinga 1-0 etter 11 minutt. Men berre minuttet seinare utliknar svenskane og ein er like langt.

2.omgong er knapt starta før kampens store prestasjon kjem. Ingrid starter omtrent i skogen bak eige mål, dribler av halve Sverige og putter ballen i mål. Ingrid scorer 1 mål til før Mia set inn 4-1 målet på frispark 5 min før slutt. Når Vadstena reduserer til 2-4 på straffe mot slutten er kampen avgjort for lenge sidan.

Stryn - Skedsmo 5-1 (3-1)

1-0 Anette Auflem 8 min

2-0 Sofie Lunde 15 min

3-0 Ingrid Øvreberg 17 min

3-1 23 min

4-1 Pernille Flo 39 min

5-1 Cecilie Leivdal 47 min

Med poeng i denne kampen ville Stryn bli puljevinnarar i gruppa si. Det var aldri nokon tvil om dette, Stryn var det klart beste laget og vann komfortabelt. Storscorer Anette starter scoringsballet etter 8 min, og blir fulgt opp av Sofie og Ingrid med kvar sine scoringar før pause.

Stryn får nok ei straffe i mot like før pause, men sigeren er aldri trua og Pernille og Cecilie fastsett resultatet til 5-1.

Vi er godt fornøgd med resultata for våre to lag så langt, og vi gleder oss til fortsettelsen. Jentene har kamba seg og Vegard, Jonathan, Leif-Erik og Runar har tatt på seg finedressane og reist på dans:-). Resten av gutane koser seg med brus og godterier av ymse slag på rommet og laddar opp til kamp i morgon.

Skal helse heim frå alle jentene og gutane og ledarane!

John


Utskriftsvennlig versjon
 
Opprettet 25.7.2012 av John Os. Oppdatert: 26.7.2012
Nyheiter
-Flott sesongopning for J10!
-Heime- og bortekamper veke 20 med resultatoppdateringar.
-Stryn 2 - Eikefjord - Nytt kamptidspunkt kl 17.00 søndag 12.mai!
-Ny sterk siger for damelaget!
-Før kampen: Stryn - Jølster
-Heime og bortekampar veke 19 - med resultatoppdateringar
-Damelaget slo Eid i serieopninga!
-Før kampen Eid - Stryn
-Ny dugnad på Stadion!
-Sterk siger for Damelaget!
-Heime og bortekampar veke 18 - med resultatoppdatering
-Fellestrening på laurdagar!
-Damelaget spelte uavgjort mot Sunnylven/Stranda!
-Klubbdommarkurs!
-Kampar på Stadion i veke 17!
Kva skjer?
27.5Sogndal 2 - Stryn
Du er besøkande nr 1036
Stryn T&IL Fotball - Hegrev. 17 - 6783 Stryn - Tlf: 99 38 74 41
Epost: post@stryn-fotball.com, Web: webmaster@stryn-fotball.com