G14: Stryn - Gullhaug 0-1 (0-0) 1/16 finale - B-sluttspel
Etter at gutane hadde vore og kika på kampen Gullhaug - Sandnes/Ulf tidlegare på dag, visste vi at dette var eit lag vi kunne spele jamnt med og slå. Vi gjekk derfor til kampen med stor optimisme og pågangsmot.
Som forventa var motstanderen eit fysisk lag som spelte mykje langt. Vi hadde ballen ein del i første omgong, men hadde lite framdrift mot eit bra forsvar. Ingen av laga makta å skape hverken mål eller særleg med sjanser i første omgong, og stillinga til pause var derfor 0-0.
Andre omgong var mykje lik den første, nesten utan sjansar. Det vart imidlertid scora eit mål, dessverre var det Gullhaug som scora dette ca 5 min ut i omgongen. Vi gav aldri opp, men makta aldri å få utlikninga og var derfor ute av turneringa når dommaren bles av for full tid.
Dette var ein kamp vi absolutt kunne vunne, men i ein sjangsefattig kamp vart det eine målet tidleg i andre omgong avgjerande.
Gutane våre har imidlertid gjort ein god figur her. I gruppespelet var vi best i to av kampane, mot Breidablik må vi innrømme at vi var sjanselause. I 1/16 finalen vart små marginar avgjerande, og desse var altså ikkje på vår side denne gongen.
J16: Stryn - KIL/Hemne 0-0 (2-3 på straffekonkurranse) 1/8 finale A-Sluttspel
Også dette var ein kamp omtrent blotta for målsjanser mellom to jentelag med gode forsvar. Tempoet var høgt men det gode spelet uteblei.
Marte hadde ei god redning på eit forsøk fra trønderane i andre omgong. Med unntak av dette endte det meste i langskot og hjørnespark. I andre enden av bana var Ingrid farleg ved eit par høve, men kampen endte 0-0 og dermed vart det straffespark-konkurranse.
Begge lag var tydeleg nervøse og ukonfortable med denne måten å avgjere kampar på, men trøndarane drog til slutt det lengste strået når begge lag hadde skote 6 straffespark.
Både jentene og gutane var naturleg nok skuffa etter å ha blitt slått ut litt tidlegare enn planlagt, men før leggetid var alle i sitt velkjente gode humør igjen og klare for meir shopping, bading og soling resten av veka:-)
John
|