Fleire medlemmar av troppen til Stryn som deltar på Dana Cup, var torsdag involvert i eit dramatisk hai-angrep når dei oppheldt seg på ei tilsynelatande trygg badestrand i nærleiken av skulen.
Vi har tidlegare omtala Guttorms frykt for denne glupske rov-fisken, og det viste seg altså no at frykten ikkje er ubegrunna. På biletet ser vi strynegjengen i lag med andre tilfeldig forbipasserande rett etter at haien uventa byksa opp frå djupet. Fotograf og reiseleier Jonny rekk akkurat å ta bilde av den dramatiske hendinga, før han endeleg får nytte av Special Edition utgåva av DVD-boxen med alle Haisommar-filmane han fekk av Annie jula 2008. Han kaster seg opp på ryggen til haien, tar Heimlich-grep på han og tvinger han dermed til å spytte ut att våre venner.
Heldigvis ender det godt denne gong, men vi kan nok trygt slå fast at haiskrekken til jentelagstreneren ikkje vart noko betre etter denne skremmande opplevinga...

|