3. div herrar
28.07.2012
Stryn – Vik 2-2 (1-2)
Stryn: Simen Lillevik – Ole Myklebust, Petter Hammer, Pål Henning Myren, Stian Sandal – Karl Erik Aarsheim, Frode Hool Egge, Mathias U. Garlid – Erick Vhiestrox (Ruben Garlid frå 80), Jan Marius Brekke (OlleKristoffersson frå 46), Ibra Jagne (ErlingMyklebust frå 70)
Mål:1-0 Petter Hammer (10), 1-1 Øystein Myrkaskog (23), 1-2 Anders Helleland (30), 2-2 Olle Kristoffersson (61)
Vik tok styringa og dominerte frå start, men det var Stryn som tok leiinga etter ti minutt. Stryn fekk frispark, og Karl Erik slår den inn til Petter som stangar inn 1-0. Vik hadde eit mål annullert for offside, men etter 23 minutt utlikna Vik. Ein stryneforsvarar gjer ein feil, og Myrkaskog kom aleine gjennom og sette ballen i motsett hjørne. Sju minutt etter fekk Vik corner, og Helleland scorer med låret frå ein halvmeter.
Etter pausen vart Olle bytta inn, og etter timen spelt heada han inn utlikninga etter innlegg av Karl Erik. Vik var klart best før pause og leia fortent. Stryn kom meir med i andre omgong, og til slutt var det nok fortent med poengdeling. |