Stryn Fotball og Fjordingen inviterer til fotballglede på Stryn stadion i Haustferien.
I samarbeid med lokalavisa Fjordingen og Sparebanken Vest gjennomfører Stryn Fotball fotballskule i haustferien, 6. - 8. oktober. Alle jenter og gutar frå 7-14 år kommunane Stryn og Hornindal, er velkomne til å delta. Vi delar det opp i to grupper, 7-11 og 12-14 år.
Skulen varer frå 09.00- 15.00, med innlagt matpause. Torsdag 8. oktober kan alle som ikkje har teke merke tidlegare i år, gjere dette. Dei som ikkje ønskjer å ta merke, blir med på ordinær fotballskule/fotballcup også denne dagen.
Keepertrening med Skjeldestad Keeperskule
Under årets fotballskule tilbyr vi alle keeperar god oppfølgjing under fotballskulen. Keepertrenar for aldersbestemt Tom Edvinsen er ansvarleg tysdagen, medan Terje Skjeldestad frå Skjeldestad Keeperskule blir med heile onsdagen.
Vel møtt til glade fotballdagar på Stryn stadion.
- Dato: 6 — 8. oktober kl 09.00 — 15.00.
- Påmeldingsfrist: Søndag 4. oktober.
- Pris: 500,- (Giro blir ettersendt).
- Pris inkl. 3 dagar fotballskule.
- Hugs namn og tlf.nr på ein vaksen vi kan nå i løpet av fotballskulen. Skriv også gjerne om du er utespelar eller keeper
Påmelding til post@stryn-fotball.com
|