| Skjorta i rødt |
| shortsen i kvitt |
| Antrekket er Stryn og landslaget sitt |
| For desse to lag skal vi kjempe og slåss |
| heilt til vår siste dag |
| ingen skal klare å ta ifrå oss |
| vårt lag. |
|
|
| Vi er mange og sterke med nervar av stål |
| vi veit at vi saman får sjansar og mål |
| Vi er Stryn, det er laget |
| og namnet har klang |
| frå Ekeberg og til Stamford Bridge når vår sang |
|
|
| Syng oss heim igjen når vier vekke |
| syng oss opp igjen når vi ligg bak |
| Til stadion med krøllgrasdekke |
| og ledarar og lag som tar i eit tak |
|
|
| Tidene flyr |
| sesongane går |
| stallen forandrar seg år etter år |
| Men vi er på stadion med ros og kritikk |
| føl laget med falkeblikk |
| Ingen går heim før finale og siste nikk |
| Vi er mange og sterke med nervar av stål |
| vi veit at vi saman får sjansar og mål |
| Vi er Stryn, det er laget |
| og namnet har klang |
| frå Ekeberg og til Stamford Bridge når vår sang. |
|
|
| Syng oss heim igjen når vi er vekke |
| Syng oss opp igjen når vi ligg bak |
| Til stadion med krøllgrasdekke |
| til ledarar og lag som tar i eit tak |
| Syng oss til dei aller høgste tindar |
| syng oss til ein samansveisa gjeng |
| Så stadion trass kalde vindar |
| gjev styrke i vår dag - og godt med poeng |