Hardbagg/Veten på nett igjen |
| Uavgjort i serieavslutninga |
| Vi rota vekk en to-målsledelse,so det vart 4.plass til slutt. |
| Stadtlandet/Selje2 - V/H 2-2 V/H:J.R.Sæbø,H.Lykkebø,R.Åland,A.Tytingvåg,T.Fjellvang,H.E.Rand,K.E.Rauset,M.Rand,Ø.Blakset,T.Lykkebø,V.Andersen.I.M.Tvinnereim,E.Tvinnereim,J.I.Vik. 0-1,15min,Matias Rand 0-2,55min,Vidar Andersen(Alfred) 1-2,63min 2-2,71min To lag med ganske lik spelestil,hardt kjempande,duellsterke og mykje lange ballar.Været gjorde ikkje speletilhøva betre.Det var kraftig vind og når vinden slutta,sette torebya inn. 1.omg bli vel hugsa for Matias sitt kanonmål.Etter å ha misbrukt en kjempesjanse rett før,gjorde han det godt igjen med noko som heilt klart er kandidat til årets mål.En retur frå forsvaret landa på 20meter,der stod Matias og på heil volley dundra ballen i lengste kryss.Kjempetreff!! Stadtlandet åpna best 10 første minutta,men vi åt oss inn kampen,Kurt og Jan Ivar hadde store mulegheiter og totalt sett var vi det førande laget,sjøl om begge lag hadde sine sjansar. I 2.omg skulle vi punktert kampen,men det vart med Vidar si scoring.4-5 gongar var vi igjennom so og seie åleine med keeper + et par skot som deira gode keeper var oppe i vinkelen og henta.Men dei ga aldri opp og fekk først redusering,så blod på tann,deretter utlikning midt i 2.omg i en bra periode for dei.Siste 10minutta trykte vi dei bakover igjen og hadde mange nestensjansar etter corner og dødball. |
Tilbake... |